onsdag 7. april 2010

Primstav

Då eg gjekk gravid i sommar, begynte eg under veiledning av kjempeflinke Marlene på Amla kunst og håndverk, å lage ein primstav, og rundt juletider fekk eg endelig tid til å gjere den ferdig! :) Eg har tegna på og skjært ut symbola med treskjærarjern, og beisa staven etterpå for å få ein litt gammal "look", og framheva symbola betre.
 Trur ikkje det er ein veldig vanlig ting å lage lengre, og eg har funne ut at det er slett ikkje vanleg å eingong vite kva det er..! ;) Så derfor :

Primstaven var ein evigvarande kalender som stammer heilt tilbake til ca. 1200-talet.
Kalenderen vart brukt til ut på 1700-talet, men mange plasser i landet var han i bruk lenger.
Primstaven vart laga av eit tre stykke med  sommar på eine sida (14. April -14. Oktober) og vinter på den andre.
(15. oktober - 13. april) 
Kvar dag hadde ein strek og spesielle merkedagar hadde eit teikn. Teikna kunne variere etter kor i landet
primstaven var laga.
Kvart teikn fortalde om martyrar eller helgenar som skulle hugsast den spesielle dagen.
Det var også varseldagar som spådde om ver og vind og om avling vidare framover året og ofte inn i  neste år.
  
     Her er den eine sida, vintersida,som begynner på 15 Oktober. 
Staven er ca. 72 cm lang, og 7,2 cm brei.


                                                 Nærbilde av alle symbola.



                        Den andre sida, sommarsida, som begynnar på 14. April.


                                          Nærbilde av symbola på den andre sida.



Vart veldig fornøygd med denne, så den henger på veggen i stova, og eg er ganske så stolt over å kunne fortelle folk som spør at denna, den har eg laga sjøl! ;)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar