tirsdag 27. april 2010

Min første forkle-kjole

Har hatt lyst å sy ein forkle-kjole sidan før eg faktisk begynte å sy, og ENDELIG fekk eg somla meg til å prøve!! Masse av æren skal faktisk min kjære,fantastiske og supersnille forlovede ha, for det er faktisk han som har tegna mønsteret til meg!! =D Han klipte til og med ut delene for meg, så da var det berre den morsomme delen igjen til meg! Så, tusen tusen takk for hjelpa Mats! :)

 Vart den ikkje søt?? Synes sånne kjoler er så skjønne..! :) Stoffet eg brukte var eit gammalt dynetrekk fra skapet til oldemor, og ein kvit duk. Kjolen skal være omtrent i str. 1år.

Her er snuppa i kjolen sin, litt for stor, men så aliekvel såå fin!! Og den gamle leika ho har i hånda passa berre perfekt inn syns eg! :)

Retro-veske

Ville prøve meg på ein litt anna veske-variant, og fant denne enkle oppskrifta i Symagasinet. Var bestemt på forhånd at det skulle være i retromønster, så da falt valget på eit utrulig kult lillablomstrete dynetrekk som låg og venta på meg på ein bruktbutikk på Dokka sist eg var der! :)
Fortsatt ein veldig veldig enkel type veske, og eg vart ikkje heilt fornøyd, meeen, kul er den hvertfall uansett synes eg!! ;)


Fargane vart litt blasse på innebildene, så, lånte med meg eit spegelreflekskamera og tok ein liten tur ut også:
Veska kan brukast på begge sider, så om dette er vranga eller rett veg er alt etter auget som ser! ;) Neste gang eg skal sy veske skal eg ha litt lommer og lukking også, men eg har hvertfall fått øvd meg litt! :)

Underbukse

Shorts, eller bloomers som det står i oppskrifta fra Symagasinet. Kall det kva du vil, eg har hvertfall laga det! ;) Denne skal være i str. 80 ifølge oppskrifta.

Sydd av oldemors nattkjole, det synes eg er artig da, gjer den jo litt spesiell! :)

søndag 25. april 2010

Blogcandy hos snikendeulltepe

No er det blogcandy på gang hos den utrulig flinke dama bak bloggen snikendeulltepe, og du kan delta her!

Du kan vinne både stoff, bånd, oppskrifter og ei kjempesøt heimesydd kyse!! Så det er berre å hive seg med! :)

fredag 23. april 2010

Prøvd meg på makramè for første gang

Og resultatet var eit enkelt armbånd, festes med eit skjell i ei løkke på baksida. Enkelt, moro, også ser det kult ut på stranda om sommaren! ;)

Smikke på bestilling

Fekk forespørsel om eg kunne lage ei smikke til ein liten kar, som egna seg til mating, så da prøvde eg meg på ein litt ny versjon av bondegård-smikkene mine. Tegna mønster sjøl, og brukte tisselaken på baksida, med plasten inn mot midten denne gangen så det ikkje skal føles klamt mot huden. Elsker motivet, men trur faktisk dette kan ha vært den siste grisen eg hadde igjen, litt trist..! Men moro at folk liker smikkene så godt da!! :)

                         Håpar smikka fell i smak hos sin nye eigar! :)

Fantasifant-smikke

Trudde eg hadde meir smikker enn eg rakk bruke, men plutselig viste det seg at eg hadde faktisk litt i minste laget, så da måtte eg lage ei stor og fin ei som passa til mating! Brukte tisselaken på baksida så det ikkje skal komme griseri tvers gjennom.

tirsdag 20. april 2010

Spennende ertepose

Hadde litt reststoff, og fikk lyst til å lage ein ertepose snuppa kunne leike med, etter inspirasjon, atter ein gang, fra UnePune. ;) Eg laga ein litt fancy versjon med satengband i forskjellige lengder som stakk ut, da eg veit kor spennande det er for små hender å fikle med lapper og sånt på ting! :)


                                 Hmmm, dette var spennende...!

                              Kan eg gnofla på denna her og tru..?

mandag 19. april 2010

Sommerlig blomsterpotte

Blei litt inspirert etter ein av rundane mine på Tøvsjur sin fantastiske blogg, og bestemte meg for å gi ei kjedelig kvit, blomsterpotte ein liten face-lift før sommeren! ;)
Sånn såg den ut:


Og sånn vart den med litt decoupage-lim og servietter som eg klipte ut dei mønstera eg ville ha fra  :

                                          Søt, ikkje sant?? :)

Foret veske/nett

Fikk ein duk hos ei venninne med oppdrag om å sy ei veske eller nett som ho kunne ha strikke-sakene sine i, uten noko videre spesifikasjoner enn det. Så, da tok eg utgangspunkt i sånn laga handlenett, berre at eg forandra litt på str. og brukte pyntekanten på duken til å lage ein lang hank så den kan henge over skuldra som ei veske.


Sidan sjølve duken var i eit tyyyyynt tynt stoff, måtte eg også fore denne, brukte eit litt kraftig kvitt bomullsstoff. Hadde aldri fora noko eller sydd anna enn handlenett,  så denne syns eg det var moro å sy, og syns den vart veldig fin med kanten oppe og skulder-remma! :) Såg mykje meir solid og skikkelig ut med for!

søndag 18. april 2010

Kjolejakke

Har sett rundt på andre blogger og lenge sikla på sånne fleecekjoler med spisse hetter ala alverkjoler eg ser mange syr, og no når eg har fått litt øvelse bak maskina bestemte eg meg for å prøve!!
Lånte eit mønster som ei venninne hadde tegna av ein genser ho likte, og gjorde den berre litt lengre, fikk litt veiledning av ho sidan eg aldri hadde sydd hverken armar eller hetter før, men det gikk veldig greit! :)
Brukte dobbelt fleecepledd fra Nille, men neste gang vil eg lage ein i ordentlig fleece eller fløyel.


Neste gang vil eg og figur-sy den meir, kanskje eg tar fram den eg allerede har laga og øver meg litt ein dag, vil uansett prøve få tatt bilder i dagslys så eg slipper at blitzen skal ødlegge alle bildene..!

Det vart egentlig meir som ei jakke siden eg brukte dobbelt lag fleece, så blir nok til å lage ein ny og forbedra versjon sånn at eg får ei eg kan bruke innendørs og! :)

Sparkepose

Oppdaga for for ei stund sidan den utrulig GENIALE oppfinnelsen sparkepose, som er uunnværlig når ein ha ein liten makk som helst vil ha dyna av og putte tærne i munnen! Men, var for lite men ein, så eg måtte prøve sy meg ein til så eg hadde ekstra når den andre var til vask. ;)
Brukte sengeteppe fra KID, så slapp eg begynne å fore og sy fleire lag, og tegna mønster av den posen eg allerede hadde.

 Vart VELDIG fornøyd! Syns den ser litt gammal ut på eit vis med dei brune skråbanda, og hadde ALDRI festa ein glidelås før, spurte svigermor om korleis det skulle gjerast, og fekk det til heilt perfekt syns eg..! :) *stolt*

Fargane ser kanskje litt bedre ut på dette bildet uten blitz, sjøl om bildet var dårlig...
Kan bli flinkare til å ta bilder framover ser eg, blir ofte litt overivrig..! :p

Haremsbukse

Fekk så lyst å sy ei bukse til meg sjøl, berre for å ha prøvd det, så da fant eg denne magedans-sida som hadde ei superenkel oppskift på harmesbukse! Hadde noko tynt stoff fra ein av mine bruktbutikk-rundar liggande som eg ikkje hadde anelse om kva eg skulle gjere med, så da bestemte eg at det skulle få bli bukse til meg! :)
Er eit par mnd. sidan eg laga den så heller ikkje denne er akkurat blandt mine aller nyaste prosjekt, men, her er den hvertfall :

 Eg hadde litt lite stoff, så eg gjorde den om til kortbukse da, noko som egentlig passa meg utmerket, vart til ei skikkelig herlig sommerbukse, lett og luftig, og GRØN! =D
Litt justeringar av oppskrifta måtte til undervegs for å få den passe, men den vart bra til slutt synes eg! Såpass behagelig at eg må visst lage ei til han eg bur med og, hehe... ;)

fredag 16. april 2010

Mobilvesker

Synes det er så mange fine oppskrifter på bloggen til UnePune , at eg må nesten prøve meg på alle sammen! ;) Artig å prøve seg på masse forskjellig, så slepp ein å gå lei!
Denne gangen var det mobilvesker som stod for tur :

 Fine prosjekt, ganske kjapt og moro å lage, og vart veldig bra! Har fått spørsmål om å lage som passer til I-phone, så det skal eg gjere snart. Da skal eg ta litt meir detaljerte bilder også! :)

Te-korger

Har også sydd te-korger etter samma prinsipp som brødkorg-oppskrifta, berre med andre mål, fant også denne oppskrifta på nett ein plass.

 Synes det vart mykje finere enn alt det andre rotet som stod oppå microen, så skal sy fleire i forskjellige str. til å ha det andre i å tenker eg! :) Var veldig greit å sy også, litt pirkearbeid med hjørnene synes eg, men eller gikk det stort sett bra.

Litt vanskelig å få til noko bra bilde, men dei kan ikkje være så værst med tanke på at eg vart satt til å sy fleire med ein gang, hehe, så da laga eg denne, og blir vel eit par til etterkvart og! ;)

Kameraveske

Mangla veske til det eine kameraet vårt, så da fant eg ut at å sy sånn av eit sengeteppe måtte være genialt, sidan det allerede er foret! Hadde liggende eit eg kjøpte på salg hos KID, så det passa perfekt.
Veska opnes/lukkes med trykk-knapp.

 Tegna mønster rundt den veska eg hadde til det andre kameraet, og prøvde meg fram. Vart fornøyd etter litt justeringer i oppskrifta! :)

Montasje og retro-paspartu

Kjøpte eit par djupe rammer på Ikea som eg egentlig hadde planar for, men så fekk eg ein ide om å kle paspartuet i ramma med ein kult stoff for å friske opp ramma litt. og det gikk jo igrunn veldig fint!
Hadde tilfeldigvis ein fotomontasje som eg laga i Photoscape for lenge sidan liggande, og den var jo kvadratisk og passa perfekt inni ramma! :)


                          Syns det vart litt stilig eg altså! :) Eller?

Kleenex-etui

Eit par kleenex-etui laga fra oppskrifta til UnePune, som er så snill å dele oppskriftene sine!! :)


Ei stund seinere lagde eg 4stk. til, da nokon andre også ville ha! ;)

 Er ikkje kleenex i desse på bildet. Veldig glad i stoffet til høgre, hurra for Ikea!! :)

Eg vant, eg vant!!

Deltok på ein giveaway hos Majas Hobbykrok for ei stund sida, og jammen fekk eg ikkje e-post for nokon dagar sidan om at eg var den heldige vinnaren av ei kjempekul heildrakt med elefantar på som ho har sydd!! :)
Så utrulig moro! Hadde eeeegentlig tenkt å gi den vekk, men, den var så god og mjuk og passa heilt perfekt, så den får heller bli sendt videre som arvegods! ;)

Ser ut til at den falt i smak, hehe... TUSEN TAKK til Maja for den kjempefine premien!! :)

Elsker giveaways

Hvertfall når man kan vinne sånne utrulig fine saker som det man kan hos AnnaJohanna akkuratt no, ei herlig kaffi/te-kanne fra Rice i valgfri farge! Trekning 1. Mai, så hiv deg med du også!! ;)

fredag 9. april 2010

Brødkorg

Fant ein fargerik duk på salg på Princess til 20kr, som var stødig og perfekt til at eg kunne prøve meg på UnePune si brødkorg-oppskrift! Har av ein eller anna grunn kun dette unike og utrulig flotte "tatt på skrå" bildet :


                          Og, sist men ikkje minst, dette fantastiske
                                "kan også brukes som hatt" bildet :

        Trur fotografen kanskje må ta seg litt sammen til neste
                                         fotoshoot! =D

og matchende smikke til snuppa!

Fekk litt rest-stoff, så sydde kjapt sammen ei matchende smekke til MiniMe! ;)
Har svart fleece med kvite prikker bakpå.

Ser ikkje ut til at eg har festa den på ho av ein eller anna merkelig grunn, men..

Retro-skjørt

På loftet til Mommo er det mykje rart, og når eg fant putetrekket som detta skjørtet er laga av, så berre visste eg at : DETTE, skal bli eit klesplagg til MEG! ;) Brukte nederste delen av ein gammal singlet for å lage den elastiske kanten oppe. Hadde aldri laga skjørt før, så fekk litt hjelp av ei venninne, som heller aldri hadde gjort det før, hehe, men me fekk det da til på eit vis! :)

 Vart litt strekt i alle retningar når eg brutalt prøvde å strekke det over ein kleshenger, så såg kanskje ikkje så bra ut her.. Så, da får eg vel prøve med eit actionbilde også :

                          Jada, eg er ein fryd framfor kameraet! ;p
                          Men, synes det vart ganske så stilig da sjøl
                            om poseringa ikkje var noko særlig! :)