søndag 18. april 2010

Haremsbukse

Fekk så lyst å sy ei bukse til meg sjøl, berre for å ha prøvd det, så da fant eg denne magedans-sida som hadde ei superenkel oppskift på harmesbukse! Hadde noko tynt stoff fra ein av mine bruktbutikk-rundar liggande som eg ikkje hadde anelse om kva eg skulle gjere med, så da bestemte eg at det skulle få bli bukse til meg! :)
Er eit par mnd. sidan eg laga den så heller ikkje denne er akkurat blandt mine aller nyaste prosjekt, men, her er den hvertfall :

 Eg hadde litt lite stoff, så eg gjorde den om til kortbukse da, noko som egentlig passa meg utmerket, vart til ei skikkelig herlig sommerbukse, lett og luftig, og GRØN! =D
Litt justeringar av oppskrifta måtte til undervegs for å få den passe, men den vart bra til slutt synes eg! Såpass behagelig at eg må visst lage ei til han eg bur med og, hehe... ;)

2 kommentarer: