mandag 19. april 2010

Foret veske/nett

Fikk ein duk hos ei venninne med oppdrag om å sy ei veske eller nett som ho kunne ha strikke-sakene sine i, uten noko videre spesifikasjoner enn det. Så, da tok eg utgangspunkt i sånn laga handlenett, berre at eg forandra litt på str. og brukte pyntekanten på duken til å lage ein lang hank så den kan henge over skuldra som ei veske.


Sidan sjølve duken var i eit tyyyyynt tynt stoff, måtte eg også fore denne, brukte eit litt kraftig kvitt bomullsstoff. Hadde aldri fora noko eller sydd anna enn handlenett,  så denne syns eg det var moro å sy, og syns den vart veldig fin med kanten oppe og skulder-remma! :) Såg mykje meir solid og skikkelig ut med for!

2 kommentarer: