fredag 9. april 2010

Retro-skjørt

På loftet til Mommo er det mykje rart, og når eg fant putetrekket som detta skjørtet er laga av, så berre visste eg at : DETTE, skal bli eit klesplagg til MEG! ;) Brukte nederste delen av ein gammal singlet for å lage den elastiske kanten oppe. Hadde aldri laga skjørt før, så fekk litt hjelp av ei venninne, som heller aldri hadde gjort det før, hehe, men me fekk det da til på eit vis! :)

 Vart litt strekt i alle retningar når eg brutalt prøvde å strekke det over ein kleshenger, så såg kanskje ikkje så bra ut her.. Så, da får eg vel prøve med eit actionbilde også :

                          Jada, eg er ein fryd framfor kameraet! ;p
                          Men, synes det vart ganske så stilig da sjøl
                            om poseringa ikkje var noko særlig! :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar