fredag 9. april 2010

Mitt første handlenett

Begynner å bli nokon mnd. sidan eg lagde det no, men må jo vise fram alt! ;)
Stoffet er ein duk som kosta meg 2kr eller noko på ein bruktbutikk på Dokka, det berre ser ut som lappeteknikk, men det er det altså ikkje.


Denne oppskrifta brukte eg, og det var kjempegreitt å sy, misforstod og sydde skrå hjørner i stedet for å sy dei inn for å få flat botn, men retta det opp på det neste eg sydde, som var på bestilling. ;)

Giveway hos Sweet Memories!!

Sweet Memories har givaway som blir trekt ut den 1. Mai, nydelige premier, og blir trekt ut heile 20 vinnere! Så heng deg på her !! Det har hvertfall eg gjort! ;) *håpehåpe*

Skattejakt på Dokka

Sist eg var på Dokka å besøkte min kjære pappa, så var eg og min tålmodige sambuar på ein aldri så liten skattejakt på 3 av dei FIRE bruktbutikkene som er der! ;)
Elsker retro-stoffer og gamle ting, og ELSKER at det koster nesten ingenting på bruktbutikker, kan gjere skikkelige kupp!
Me fant masse bra saker, men her er det eg fant som eg og symaskina mi skal trylle fram masse fine ting utav :

                                         GLEDER MEG!! =D

Flower-power 3

Jada, eg likte nok dette blomsterstoffet ja! ;p
Så da blei det redningen da det gule kosebuksa eg egentlig skulle sy av  noko stoff som hang på ein babygym me skulle kaste, viste seg å kun ha nok stoff til ei HALV bukse! Da måtte eg improvisere..

Tegna mønster av ei bukse eg hadde liggende, i str. 74. Skulle egenlig ha ein fot med kvart stoff framme og bak, men gikk for å lage framdelen gul, med eit par blomster fra den andre stoffet applikert (noko skeivt, skal bruke vliselin neste gang) framme på den eine foten, og bakdelen blomstrete! :)
Lagde og strikken i livet blomstrete.

 Sånn vart den framme, vart skikkelig hippie-slengbukse, and I LOVE IT! =D

Og sånn vart den bak. Ser skeivt ut her, men var ikkje så lett å feste den rett med klesklyper på ein kleshenger..! Må sjå om eg får tatt actionbilder ein dag, for den er berre SÅ KUL på!! :)

Veldig fornøygd med den første buksa eg lagde! 

Flower-power 2

Hadde litt rest-stoff igjen frå det eine putetrekket mitt, så da eg såg denne enkle oppskrifta på hårbånd, så måtte eg jo berre lage eit hårbånd til meg som matcha kjolen til jenta mi! :) Trur eg har gjort det litt annerledes enn oppskrifta, men vart bra.

                                                  Strikk bak.
 Sånn ser det ut på! Eg liker IKKJE så veldig godt å bli tatt bilde av uten å skape meg, så sjå vekk ifra mangelen på posering! =D

Flower-power

Fant eit par kjempekule gamle putetrekk på ein bruktbutikk på Dokka, som kosta meg kanskje 5kr til sammen, og fant ut at dei måtte eg lage noko skikkelig fint av! ;)
Hadde sett ei oppskrift på nettet ein gang på ein såkalla putetrekk-kjole, men den var så simpel og formlaus, at denne kjolen vart laga 80% etter eige hovud hvertfall.. Måtte berre prøve meg fram sidan eg ikkje hadde oppskrift eller noko, og resultatet vart ikkje så værst synes eg! :)

Såg etter lengden og bredden på ein kjole eg hadde liggande, men klipte litt inn oppe og laga løpegangar bak og framme, tredde inn satengbånd og rynka stoffet rundt det, og sydde fast i endane.

Passa perfekt! :) Nokon små forandringar eg evt. vil gjere neste gang, men vart veldig fornøyd med fasong og sånn da, så synes egentlig alt i alt at det vart ganske bra!

Ei svær (pose)pølse

;) Fant ut at me trengte virkelig å organisere plastposane våre på ein bedre måte enn å stappe dei inn i eit ledig skap, for så at dei veltar ut når me opnar døra, så da måtte eg lage ei posepølse!

Framme
Bak, med posene i det gamle pose-skapet som ramler ut i bakrgunnen, hehe...

Brukte ei panelgardin eg fant på salg på Kid, som eg sydde sammen og laga løpegang med strikk oppe og nede, også sydde eg på ei hempe! :)